Nyheitsbrev til donorar og samarbeidspartnarar

Kjære pasientar, pårørande, friske frivillige og samarbeidspartnarar. Dette året har vore særs spanande for forskingssgruppa og for forskingsmiljøet her.

Hausten 2023 var Professor Bjørn Tore Gjertsen saman med professor Simona Chera og professor Eivind Dale Valen vart invitert til å søkje om eit nytt KG Jebsen medisinsk forskingssenter. Dei kom vidare i prekvalifiseringa og i Februar 2024 vart det annonsert at dei vann fram.

Etableringa av eit nytt forskingssenter vil fokusere på å forbetre diagnostisering og evaluering av behandlinga. Dette vil senteret jobbe mot gjennom å studere cellenes reaksjon kort tid etter behandlingsstart. Såleis kan forskarane finne ut kva pasientar som responderer på behandlinga og kven som ville hatt betre nytte av anna behandling. Danninga av senteret bringer saman tre etablerte forskarar som saman vil utvikle metodar for å utvikle diagnostiske metodar. Senteret skal også auke tilbudet av behandlingsstudier til pasienter og styrke norsk og nordisk samarbeid kring blodkreftforsking.

Nyheitssakane som prega året 2024 var i stor grad kring planane og etableringa av dette forskingssenteret på myeloid kreft. Senteret skal samarbeide tett med Blodkreft foreninga. Sjølve opninga av senteret skjedde saman med blodkreftforeninga g i same lokala som deira møte.

I forbindelse med det nye forskingssenteret vart det danna ei ny nettside om senteret. Her kan dykk følgje artiklar, nyheiter og informasjon frå oss i forskingsmiljøet. Sida er under arbeid.

Bileter og nyheitssak frå opninga kan dykk lese om her:

https://cmyc.w.uib.no/2024/09/27/the-first-annual-symposium-and-opening-c-myc/

Under Helse Vest si årlege forskingskonferanse vart det annonsert at Bjørn Tore Gjertsen vann forskingspris for sitt initiativ til å betre diagnostikk behandlinga for AML pasientar. Forskingsprisen vert årleg delt ut til ein kandidat tilsett hjå ein av Helse Vest sine føretak.

Forskingsmiljøet og Bjørn Tore har hatt god grunn til å feire i år. Berre ei veke etter forskingsprisen delte kreftforeninga nyheita om tildeling på 8 millionar kroner. Desse midlene skal brukast til å analysere blodprøvar til AML pasientar for å undersøkje respons på behandlinga. Midlane lar forskingsgruppa fortsette arbeidet med å forbetre diagnostiske metodar for å tilpasse behandlinga etter respons for kvar pasient.

Nyheitsbrevet i PDF form kan du finne gjennom denne lenkja: https://www.canva.com/design/DAGP-tcTI9Q/e3NdmF84F2c9urSTM_ri2A/view?utm_content=DAGP-tcTI9Q&utm_campaign=designshare&utm_medium=link2&utm_source=uniquelinks&utlId=hb45455c52b

Registrerte donorar skal også ha motteke nyheitsbrevet per e-post.

Beste Helsing

Tara Helén Dowling, PhD kandidat

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *